Odd Arne Fosse

Alder: 23 år

Studieprogram: Kybernetikk og robotikk (2-årig), 1. året

Fakultet: Fakultet for informasjonsteknologi og elektroteknikk (IE)

Studieby: Trondheim

Ønsker heltidsstilling i Studenttinget: Ja

Hjertesakar

  • Undervisingskvalitet: NTNU bør vere Noregs fremste universitet på undervising. For å betre undervisinga må me sjå på strukturane rundt undervisingskultur, delingskultur og ansettelsesprosessar. Spesielt rundt ansettelser har NTNU ein gyllen moglegheit til å betre prosessen i og med den nye universitetslova.

  • Studentkontakt: NTNU har nokre av dei mest engasjerte studentane i landet, og det er viktig å inkludere alle i prosessane som skjer. Enten det er campussamlingsprosjektet, linjeforeningar eller Sluppen-trøbbel treng studentane god informasjon som kjem kjapt og tydeleg. Like viktig er det at alle perspektiva studentane har vert høyrt og verdsatt i dei viktige vala NTNU og undervisingssektoren står ovanfor.

  • Psykososial helse: Unge i dag er gruppa som har høgst andel psykiske problem. Høgt arbeidspress, intense sosiale miljø og synlege forskjellar mellom deg og andre kan gjere det vanskelegare å vere student i dag. NTNU har ikkje ansvaret for å fikse desse problema, men vi kan vere med på å forebygge desse problema.

Kvifor stiller du til vervet?

Hei og hopp. No er det igjen valg til NTNU-styret, og eg ønskjer i den anledninga din tillit til å representera studentane. Eg heiter Odd Arne og ønskjer å vere med å skape eit betre studiemiljø på NTNU som reflekterar dei høge forventingane me har.

NTNU bør ha eit godt utgangspunkt til å vere Noreg sitt beste universitet på grunn av sitt gode renomé, tette tilknyting til arbeidslivet og dei beste kandidatane i Noreg. NTNU må prøve nye undervisings- og vurderings-metodar som koplar utdanning og forventa utbytte tettare saman og utnytte næringslivskontaktane betre. Eg trur at meir involvering av studentstemmen opp mot desse prosessane vil betre kvaliteten på emnene og studieprogramma me går.

Kvifor er eg ein sterk kandidat som styrerepresentant?
Eg har lang erfaring med å representera studentane sin stemme som fakultetstillitsvald på IE-fakultetet (3 år) og er svært glad i å høyre og vidareføre perspektiva til alle studentar som vil slå av ein prat. Av dei sakane som har engasjert meg mest i den rolla er det dei meir overordna og strategiske, noko eg vil få meir av i NTNU-styret. Sakar eg har engasjert meg i er ny universitets og høgskulelov, ansettelsesprosessar, opptak av forelesingar, studentrepresentasjon på instituttnivåa, synleggjering av tilboda i Trondheim og på fakultetet, mm..

Eg har trua på at samarbeid er den beste måten å skape gode løysingar på, og vil fyrst og fremst spele på lag med alle, men er ikkje redd for å ta ordet om eg sit med ein anna meining.

Har du nokre spørsmål eller berre vil snakke studentpolitikk er det berre å ta kontakt :) Godt val - bruk stemmeretten!

Kvifor svara eg slik eg gjorde på valomaten?

  • Delvis enig.

    Forklaring:
    NTNU sin historiske teknisk-naturvitskaplege hovudprofil gjer NTNU eit større ansvar for å utdanne gode kandidater til det norske arbeidslivet, spesielt mtp. det grøne skiftet. Likevel må vi ikkje forsømme universitetets rolle til å drive utdanning som dannar og skapar gode forskarar som kan vidareutvikle grunnfaga som ligg grunn for yrkesretningane vi har.

  • Delvis uenig.

    Forklaring:
    NTNU har hatt ein lang tradisjon for å ha ein sterk tilknyting til arbeidslivet som har gjett eit fortrinn til å gjere studiane framoverlente og dekkjande for det samfunnet faktisk har behov for. Denne kontakten er sentral for NTNUs modell og er noko vi bør vidareføre. Samtidig bør NTNU også sjå på innhaldet i desse avtalane og regulere kor mykje trykk det legg på universitetet. Anne Borg-saka visar at linjane mellom stadfesta og uformell påvirking til tidar kan verte brutt ned, og tilsette og studentars rettigheitar bør alltid kome fyrst.

  • Delvis enig.

    Forklaring:
    NTNU sin hovudprofil i teknisk- og naturvitskaplege studiar er ein sentral del av NTNUs identitet. Når prioriteringar skal gjeres framover bør heilhetsbiletet tas omsyn til slik at alle fagområder vert ivaretatt samtidig som NTNU svarar på samfunnets behov. Fleire prognosar og kommunikasjon frå regjeringa peikar på ingeniørvitskap, IT og helse som dei største behova framover, og eg meinar NTNU har eit ansvar til å svare på desse.

  • Svært enig.

    Forklaring:
    Som innleiingsteksten påpeikar er vurderingsformen som passar best avhengig av studiefeltet, og bør alltid tilpasses læringsmåla som vert sette. Som eit heilhetsbiletet meinar eg likevel at NTNU i fleire tilfeller ligg eit godt stykke bakpå på vurderingsformar, med gamle eksamensformar som meir reflektarar kor god du er til å gjengje kunnskap enn til å anvende den. Det er betre om NTNU i større grad får prøvd ut og brukt vurderingsformar som er meir langsgåande (som prosjektoppgåver) og som er meir samansatte (som mappevurderingar og delvurderingar). Det er på høg tid at NTNU får vurderingsformar som båe reflekterar læringsmåla og motiverar til læring.

  • Delvis uenig.

    Forklaring:
    Arealkapasiteten er minkande i Trondheim, og då er det i større grad enn før viktig at NTNU tek vare på dei verdiane som gjer Trondheim til ein attraktiv studieby. Studentfrivilligheita har ein unik plass i Trondheim som tiltrekkar studentar frå heile landet, uavhengigt av studietilbodet, og den er avhengig av studentsentrale og identifiserbare arealer. Nye læringsarealer er også viktig i campussamlingsprosjektet, men studentfrivilligheiten bør ikkje forsømmes.

  • Delvis enig.

    Forklaring:
    Det er gode argument for beggje sider i saka om kjønnsaffirmasjon. På den eine sida er det urettferdig å forskjellsbehandle folk på bakgrunn av kjønn, men på den andre sida har universitetet eit ansvar for den kjønnsbalansen som vert vidareført i samfunnet. Eg meinar at ein god kjønnsbalanse er viktig for å sikre gode perspektiv båe på studiet og i arbeidslivet etterpå, og for å sikre trivsel for alle partar. Skeiv kjønnsbalanse (i beggje retningar) er vist til å føre til dårlegare arbeidskultur og mindre trivsel. NTNU bør forsøke å skape ein god balanse ved forskjellige tiltak, som kjønnsretta rekruttering, å sikre at kandidatane som har starta ikkje sluttar og kjønnspoeng om dette ikkje fungerar.

  • Delvis enig.

    Forklaring:
    Det stemmar at NTNU har eit mål om 50% utveksling, og som er langt frå oppnådd i dag. Fleire studiar er prega av lite rom for å utveksle på grunn av faga, medan andre har gode utvekslingsavtalar som i praksis er bakt inn i studiet. Utveksling er verdifullt for kulturutveksling og for eit avbrekk i eit lengre studieopphald, men bør ikkje vere obligatorisk utan ein attraktiv utvekslingsavtale og god oppfølging. Før utveksling vert "obligatorisk" må det fyrst gjeres ein jobb med å forenkle søknadsprosessane, likestille utvekslingsavtalane på tvers av studiar og auke støtteapparatet rundt heile prosessen.

  • Delvis enig.

    Forklaring:
    Det er fordelar og ulempar med beggje sidar. Ein vald leiar har meir legitimitet gjennom å vere ein representant for universitetets haldningar, og prosessen er meir demokratisk. Det vil vere enklare for ein vald leiar å få tillit i frå dei ansatte og studentane til dei vala som må gjeres. På den andre sida kan valde leiarar ende opp med å appellere til berre ein av dei mange gruppene dei skal representera og oppføre seg partisk. Ein ansatt leiar kan verte plukka ut av ansettelseskomiteen til å vere den kandidaten som passar best til rolla, som kan vere spesielt viktig ved implementering av større endringar på NTNU. Ein ansatt leiar står i større grad fritt til å implementere det som er best for universitetet på tross av kva fleirtalet meinar, noko eg trur er viktig i den store miljømessige og teknologiske transformasjonen me står ovanfor.

  • Svært enig.

    Forklaring:
    Utfordringa med klimakrisa vegar i stor grad høgare enn verdien av tilknytingar til internasjonale miljø. NTNU i likheit med brorparten av Noreg ligg bakpå å nå klimamåla, og ein meir radikal endring er nødvendig. Det eksisterar også moglegheit for å samarbeide med internasjonale partnarar på ein meir miljøvenleg måte.

  • Delvis enig.

    Forklaring:
    Fyrst og fremst kjem begrensingane i miljøambisjonane i campussamlingsprosjektet som ein følge av budsjettkutt frå regjeringa, som flyttar ansvaret for å nå miljømåla frå regjeringspartia over på NTNU. Miljømåla er fortsatt såpass viktige at NTNU bør fyrst og fremst prioritere å nå desse, framfor andre renoveringsbehov. Likevel er det fleire tilfeller der desse to måla samsvarer, som ved å installere eit betre ventilasjonsanlegg.