Veronika Hildebrandt-Paulin

Alder: 25 år

Studieprogram: Lektor i realfag, 4. året

Studieby: Trondheim

Litt om meg

Eg har vakse opp i ein øykommune på vestlandet som heiter Bømlo. Eg går lektor i biologi og kjemi, og utanom studiet er eg glad i mykje forskjellig, for eksempel friluftsliv, dans og strikking.

Hjertesaker

- Klima
- Likestilling og solidaritet
- Psykisk helse

Motivasjon for å stille

Eg stiller til val ettersom eg føler at eg kan vere ei stemme som fremma litt andre sider av sakar som ofte vert gløymt. Berekraft og solidaritet er noko som alle har eit forhold til og bryr seg om, og er også noko som er på dagsorden, men eg føler likevel at eg i mitt første år som studenttingsrepresentant har vore med på å løfte dette fokuset i diskusjonar der fokuset fort vert noko anna. Som lektorstudent er eg sjølvsagt også svært opptatt av læringsmiljø og undervisningskvalitet. Som student båe på Kalvskinnet og Gløshaugen, i tillegg til å ha perspektivet til ei med dysleksi og ADHD føler eg at eg kan bidra med eit nyansert blikk på sakar.

Kontakt Veronika
Ta valgomaten her